Historia om Lastebiltransport på Hatlestrand

På bilete ser me besten – Kristian Stølen med sin første lastebil eit Chvrolet , bilete er tatt for dei som er kjende , med ferista på Teigen . Bilete er tatt i sambande med bygginga av veien til Teigen .
Oppå panseret sit hunden taffen som var ein fast passasjer i bilen . Bilete er frå ca 1935 – 36
Bilde under er sikkert i sambande med vegbygginga til teigen , men bilde er tatt i sandtaket som var på tveitane .
Legg merke til soldegrinda som står montert på lastebilplanet , dei spadde grusen og kasta den gjennom og når dei kom fram til levering , så var det å spa grusen av igjen .

Da var i 1935 bestefaren min begynte med biltranspoprt på Hatlestrand , Første bilen som biletene viser , fekk han sendt med båt til Vikane . Derifrå kjørte han den til Hatlestrand der dei første kvelden gjorde den om med benker bak på lasteplanet , for så og kjøra til Ølve dagen etter på stevne , med planet fult i passasjerar .
Bilete over, er tatt på Stølen , og de skimtar så vitt i grinda som var på hovudvegen der, bak lastebilen .
Slike grinder var de mange av i den tida , så mykje av tida gjekk vekk i opning og lukking av dei .
![]()

Her ser me det som var hans første personbil , det var og den første personbilen på Hatlestrand . Bilete er teke på ein søndagstur til vikane ein sumarsdag i 1938.
Med denne bilen kjørte han drosje.
Bilete under syner same bilen der han blir beundra , antagleg nett etter den kom til Hatlestrand .

Denne bilen blei ståande rolig i krigsåra da det var ikkje så lett og få tak i bensin , og etter krigen blei den seld .
Her er det Nils Hjortland til venstre og besten som sit på stigtrinnet . Reperering var vel sikkert
noko som var vanleg og gjera sjølve .
![]()
1951

Dette er ein Fargo . Bilete er teke i 1954 men kor tid han fekk denne bilen , veit eg ikkje . Bilde er teke utanfor huset på Stølen.
Under ser de same bilen , bilde er tatt på snuplassen på Netland . Bak ser de Margrethe og Harald Jacobsen .

![]()
Ny bil i 1956

Dette er ein Ford Thames . Første bilen som vart kjøpt ny.

Her er mor mi, Astrid , avbilda på skjermen . Dei skal kjøre flyttelass til Notodden for bror til
besten , Anders Stølen , som skal begynne som skuleinspektør der .Bilde er tatt ved Dyrskar – Røldal.
![]()
Første Kranbil 1962
Daffen.

Her blir far min Lars Ekeland med og kjører , bilde er tatt nede på kaien på Gjermundshavn .
HSD lageret ser de i bakgrunnen .
![]()
Mjelkebil
Denne bilen , ein bedford som vart kjøpt i 1965 , blei det kjørt mjelk til meieriet på
Mundheim med . Bilen var eit år gammal når den vart kjøpt og den vart kjørt av Audun Netland som
Kjørte for besten i mange år..
Som det ser var det to høgder med spann oppå bilen , og desse skulle først opp frå bakken, eller mjølkeramper
Som det var mange av , med andre ord masse slit !


![]()
Mersed`es
Denne blei og brukt til og kjøra mjelk til Mundheim med . Bilde er frå 1968


På bilde over er det Bedforden og Mersedes`en som står på meieriet på Mundheim
![]()
Mjelk til Bergen
Når meieriet på Mundheim vart lagd ned , blei mjelka kjørt til Bergen . Bilen vart kjøpt i 1971 og den
kjørte dei med til 1975, då tankbilane vart sett i drift.

![]()
Første anleggsbil i 1969.

Far min , Lars Ekeland , slutta i Hardanger Sunnhordalanske Dampskipselskap , der han har kjørde buss .
Han begynner og kjøre lastebil for svigerfar sin , besten min , Kristian Stølen.
Bilen kjøpte dei i Sverige . Den vart sett i arbeid på bygginga av veien inn til Mauranger , der det skulle bli kraftutbygging .
![]()
Første bilen til faren min.

Denne bilen var den første som far min kjøpte og den hadde han på anlegg i Maurangerfjellet
Under kraftutbygginga der. Personen som er avbilda ved bilen, er ein tunneldriver ( ukjent ) frå Tysse.
![]()